Å skapa med hendene gjev avkobling og utløysar endorfiner…
…ja rett og slett kroppens eiga lukkestoff!

Gjennom denne nettsida ønskar eg å inspirera deg til å skapa noko med hendene. Ja, eg håpar rett og slett at det skal byrja å klø litt i fingrane dine. Det er utruleg stas å seia: “Dette har eg laga sjølv!” Eg har difor laga mange gratis minikurs der eg visar deg steg for steg korleis du kan skapa det sjølv.

Eg er og over middels interessert i korleis me kan bruka skaparkrafta vår til å skapa det livet me ynskjer. Me er alle skapande mennesker, og eg trur at dei fleste av oss ikkje er bevisste på kor stor kraft me har til å påvirka korleis livet vår vert.

Eg håpar difor at denne nettsida og kan vera med å inspirera deg til å bruka skaparkrafta di meir bevisst, både til å skapa med hendene, men og til å gjer kvardagen god!

Det er ikkje alltid så mykje som skal til…

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.