sykkelkorgeneDå eg byrja prosjektet mitt med å fletta ei korg kvar veke dette året, så tenkte eg at eg sikkert måtte finna på sjølv kva korger eg ville fletta. Undervegs har eg fått fleire bestillingar blant anna desse sykkelkorgene.

Denne herlege dama hadde ein utfordring. Mannen hennar er glad i å sykla, og ho hadde lyst å vera med han på sykkeltur oftare. Samstundes har ho ein hund som ikkje orkar springa ved sida av på lange sykkelturar.

Løysninga vart å plassera hunden i ei sykkelkorg bakpå. I tillegg var det jo gildt med ei korg framme
…til nistemat og sånn.

Korga framme er festa til styret med små belter, slik at det er lett å ta den av og på. Den fekk og hankar av lær, slik at den er god å bera med seg.

Desse to korgene vart fletta i veke 12 og 13, og ein oversikt over alle korgene så langt dette året fin du her: #creativitychallenge2015

Nedanfor fin du ein festleg liten videosnutt som visar korgene i bruk!

 

 

sykkelkorgene3
sykkelkorgene2

sykkelkorgene4

INSPIRASJONSBREV
I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.

    2 replies to "Sykkelkorgene"

Comments are closed.