Eg er litt seint ute med å leggja ut bilete av forrige vekes korg, men eigentleg er eg på forskudd med årets utfordring: Å fletta ei korg i veka i eit år. Eg har nemleg vore på flettekurs i helga, så forrige veke fletta eg heile tre korger!

Då eg byrja flettutfordringa mi, så tenkte eg at eg kunne jo fletta meir enn ei korg nokre veker slik at eg kunne vera litt på forskudd. Og forrige veke er fyrste gongen eg har klart det! Det passar bra med tanke på at det nærmar seg ferietid!

Det var danske Ane Lyngsgaard (http://www.pileriet.dk) som underviste oss i helga. For ei dame! Det var utruleg inspirerande og lærerikt å sjå når ho fletta! Det er så fasinerande når nokon beherskar materialet og teknikkane så godt! Eg likar og at ho bevegar seg frå det tradisjonelle og ut i det kunstneriske.

Me fekk læra å fletta asymmetriske korger. Når ein ser på desse korgene så ser det ut som det er tilfeldigheter som råder, og eg vart overraska over kor mykje planlegging og tanke som låg bak. Og kor krevande det var å få til den forma ein ønska.

Det var eit knallgildt kurs og eg kjenner eg vart skikkeleg inspirert! Det er og utruleg gildt å vera saman med likesinna og berre vera i ei eigen flettebobla ei heil helg!

Nedanfor ser du to av korgene eg fletta. Den tredje legg eg ut neste veke.


korg_22_23_total
korg_22_total
korg_22_total2
korg_22_ovenfra
korg_23_total
korg_23_total2
korg_23_ovenfra
korg_23_detalj



INSPIRASJONSBREV
I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.