Nokre har kanskje merka at prosjektet mitt med å fletta ei korg i veka har stoppa opp no i sommar. Eg oppdaga at eg ikkje lenger syns det var glidt, og flettinga vart meir og meir ei plikt og eit stressmoment. Så då var det å stikke fingeren i jorda og velge om eg skulle gjennomføra, eller om eg heller skulle bruke tida til å gjera noko anna.

Eg valgte det siste. Sjølv om dette berre var eit lite prosjekt eg hadde utfordra meg sjølv på, så måtte eg gå fleire rundar med meg sjølv. Eg likar nemleg ikkje å gje meg halvvegs. Eg likar aller best å gjennomføra med stil!

Eg veit at eg fint hadde klart å fletta 52 korger dette året om eg hadde prioritert det. Men akkurat no er det andre ting eg heller har lyst til å prioritera (meir om det i inspirasjonsbrevet som eg sendar ut i slutten av denne veka).

Det vert nok likevel nokre korger i ny og ne framover, og nedanfor finn du to korger eg har fletta i sommar. Den fyrste korga er ei skikkeleg restekorg kor eg har brukt mange ulike sortar pil, og den andre korga er ei sykkelkorg som skal festast på pakkabæraren*.

*bagasjebrettet bakpå sykkelen 😉

korg_26_total

korg_26_ovenfra

korg_26_detalj3

korg_26_detalj2

korg_26_detalj1

 

 

 

 

korg_27_total

korg_27_ovenfra

korg_27_detalj4

korg_27_detalj3

korg_27_detalj2

korg_27_detalj1

The first step to get what you want
is to get rid of what you don’t want.

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.