Då eg gjekk på ungdomsskulen drøymde eg om at eg ein vakker dag skulle gje ut ei bok! Og no har eg jammen gjort det! Eller rettare sagt me, fordi eg har hatt kjempegod hjelp av Jofrid Bru Staurland og Ingeborg Skrudland!

I dag var eg og henta fyrste ladning med bøker frå trykkeriet, og det var mange følelsar på ein gong! Utruleg stas, ganske uverkeleg, litt rart og temmeleg magisk! Måtte le når mannen på trykkeriet sa: Boka vart jo knallbra! Den ser jo ut akkurat som om du skulle kjøpt den i ein butikk!

Kjenner eg er ganske høge no, og om du ser meg vandra rundt med ei bok under armen dei nærmaste dagane, så kan eg love deg at den heitar Pil & pinnar.

Dersom du har lyst å kjøpe deg ei bok, så vert det ur-lansering på Klepp24 no til helga! Den offisielle lanseringa vert på Bru den 12. sept. klokka 15.00-17.30. Det gler me oss kjempemykje til! Meir info om det nedanfor.

Etterkvart vert boka og tilgjengleg i nettbutikken på www.pilogpinnar.no (der kan du allereie leggja inn namn og e-post, så får du beskjed med ein gong nettbutikken opnar).

No skal eg ut og lempe bøker, og i tillegg skal eg ta meg ein liten gledes-dans!

pilogpinnar_boka_klar

Program for boklanseringa på Bru

Målet vårt er å skapa nokre festlege og inspirerande timar saman!

Me begynner med eit foredrag kor me blant anna fortel om den humpete vegen vår, frå å berre ha ein draum om å skrive ei bok… og fram til no kor draumen har blitt til røyndom.

Etterpå vert det servering av mat og drikke, og tid for drøs!

Innimellom vert det ulike innslag, som me ikkje har lyst å røpa på førehand… Men me kan frista litt med å sei at det blant anna vert nydeleg sang, moglegheit til å oppleva skaparglede og loddtrekning av flotte gevinstar.

Sjølvsagt vert det og mogleg å kjøpa boka!

Inngangsprisen er 100,- pr person, og då er alt inkludert (foredrag, aktiviteter, mat, drikke, lodd til loddtrekning).

Adressen er: Kulturbruk 44/4, Lomberveien 8, 4158  BRU

Me gler oss utruleg mykje til denne dagen og ønskar deg hjarteleg velkommen til å vera med på feiringa!

Tips: Det ligg ein flott tursti like ved, så sett gjerne av litt tid før eller etter arrangementet til ein fottur i flott natur!

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.