Det er nesten som eg framleis må klype meg litt i armen! Tenk at me, Jofrid, Ingeborg og eg, verkeleg har laga ei heil bok!

Har lyst å fortelja litt frå boklanseringa på Bru den 12. september. Det var cirka 80 personar tok turen til Bru og me er svært takknemlige for alle som kom!

Eg byrja med å visa bilete og fortelja om prosessen vår med å skapa boka. Eg var personleg og delte både oppturar og nedturar. Målet mitt var å formidla at dersom ein har ein draum, så er det mogleg å realisera den. Og visa at tålmod og stå på vilje er dei viktigaste faktorane for å lukkast. Ja, eg hadde faktisk eit svært hårete mål om at me, gjennom både foredrag og opplegg ellers, skulle “røska” i publikum og at dei skulle sitja igjen med same følelsen som når du har sett ein god film (og går og tenker litt på den dei nærmaste dagane).

Med dette som utgangspunkt så sier det seg sjølv at eg var temmeleg nervøs og spent. Og når eg i tillegg er lettrørt, så var det ein krevande situasjon. Stemmen min brast i andre setning, og tårene byrja å trilla. Eg tok ein “kunstpause” og fortsatte. Årsaken til at følelsane vart så sterke er at eg for 10 år sidan følte meg temmeleg fastlåst i livet, og hadde egentlig byrja å gleda meg til å bli pensjonist (for då kunne eg endeleg byrja å leva livet). Og det var ein kjip følelse siden eg då knapt var fylt 30 år og hadde maaange år igjen i arbeidslivet.

Når eg holdt foredraget vart kontrasten mellom den følelsen og følelsen av å ha realisert ein gammal draum (å gje ut bok) stor og overveldande. Gjennom heile foredraget kom og gjekk dei sterke følelsane, og det var ein salig blanding av følelser knytta både til smerte og glede. Etterkvart oppdaga eg at publikum vart bevega og byrja å tørke tårer, og den sympatien slo ut i enno meir tårer hjå meg… No tenker du kanskje kva i all verden er vits med å fortelja dette, og her er poenget. Det eg opplevde var at når eg snakka frå hjarte, så traff det dei som høyrde på. Og sjølv om det vart mykje tårer, så var det og eit foredrag med mykje humor og sjølvironi. Eg opplevde og at gjennom å visa sårbarhet, så opna eg opp for at andre og kunne kjenna på kva dei drøymer om, og kva dei har lyst til å skapa i sitt liv.

I tillegg vart Gabriallas sång framført av Line (sang) og Liv (piano), og det understreka og bodskapen i foredraget. Og me hadde stella i stand ulike aktivitetar som også bygga opp om budskapet.

Det er derfor sterkt å kunne sei at eg følte me lukkast med å oppnå det hårete målet mitt, og eg er både stolt og svært takknemleg for dei flotte tilbakemeldingane i etterkant.

Ein skreiv følgande i ein mail til meg:
Må bare få sei at det du sa var i toppklasse! Du var meir ærleg og personleg enn nokon foredragshalder eg har høyrt.

Når eg leste det han skreiv, så felte eg sjølvsagt nokre tårer til… Grunnen til at eg vil dela dette med deg som les, er at eg i denne prosessen har oppdaga at sjølv om eg kjende meg liten, fastlåst og synes livet var altfor mykje stress, så var det mogleg å gjera endringar. Og at dei positive endringane ein gjer hjå seg sjølv kan skapa store ringvirkningar i møte med andre. Eg håpar difor at dette innlegget kan inspirera deg til å følga draumane dine og aktivt skapa gode dagar for deg sjølv og dei rundt deg.

Vil og takke alle som bidrog på boklanseringa på den eine eller andre måten, og alle som kom og var med å laga dagen minnerik! Alle bileta nedanfor er tekne av vår fantastiske fotograf Ingeborg Skrudland!

boklansering4

boklansering24

boklansering23

boklansering22

boklansering28

boklansering27

boklansering26

boklansering25

boklansering21

boklansering20

boklanseing19

boklansering17

boklansering16

boklansering15

boklansering14

boklanserng13

boklanseing12

boklansering9

boklansering8

boklansering7

boklansering6

boklansering1

boklansering5

boklansering3

 

 

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.