No byrjar det å verta haustleg her på Jæren! Sjølv om det er godt vær og sola skinner, så kjenner eg at lufta er skarpare og kjøligare. Dei siste vekene har eg hatt som mål å gå 10 000 skritt til dagen, og det har hjulpet meg til å komme meg ut på tur.

På ein av turane oppdaga at rognebæra har blitt røde, og eg ville tipsa dokke om nokre gode idear til å bruka rognebæra til. I boka vår, Pil & pinnar, visar me deg korleis du kan laga eit hjarte av rognebær. Du plukkar små bukettar og legg dei i ei hjarteform på bakken, på trappa eller der du har lyst.

Det var Jofrid som fyrst viste meg denne ideen. Det hendar ho luskar seg rundt etter det har blitt mørkt og lagar eit hjarte på trappa til vennar. Det er ein herleg overraskelse å få! …og ein litt anna form for ring-på-spring. Har du nokon du har lyst å gleda med eit hjarte på trappa?

Du kan og laga søte små hjarte til å henga på veggen, eller bruka som bordpynt. Her finner du ein video som syner deg korleis du gjer det: Rognebærhjarte



Ønskar deg nokre herlege haustdagar framover!

 

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.