No når det går mot haust så likar eg ekstra godt å sysla innandørs med små prosjekt. For meg er det små pausar i kvardagen der eg stoppar litt opp og kosar meg. Nokre gonger er det herleg å berre setja seg godt tilrette i sofaen med eit strikketøy, og andre gonger fristar det meir å finna fram pil og fletta litt.

Veit du at eg har laga mange minikursa, fordi eg ønsker å inspirera deg til å skapa med hendene. Kvart kurs inneheld eit lite prosjekt du kan laga sjølv.  I ein video visar eg deg korleis du gjer det på eigenhand trinn for trinn. Tanken er at desse små prosjekta skal vera enkle å gjennomføra, og kreva lite utstyr og materialkostnader.

I det siste minikurset kan du læra å fletta ein lurendreier. Desse er gilde og enkle å fletta, og dei kan lagast i ulike storleiker. Du finn ein oversikt over alle minikursa her, og lurendreierkurset her.

 

Eg lagar stadig nye minikurs, og om du vil bli tipsa om når det er lagt ut eit nytt, så kan du leggja inn namn og epostadresse i skjemaet nedanfor. Du vil då motta inspirasjonsbrev på epost. Intensjonen med desse breva er å inspirera deg til å både skapa meir med hendene, og til å skapa meir gode dagar!
Fordi eg trur me har mykje meir kraft i oss til å skapa eit godt liv enn me er klar over!

Gjer dagen god!

 

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.