Etter å ha sett på Symesterskapet på NRK i haust, så vart eg så inspireret at eg fann fram symaskinen og laga ein ballkjole til dotter vår! Det er ikkje så ofte eg finn fram symaskinen, men det var herleg å kjenna at skapargleden blomstra!

Og når skapargleden slår ut i blomst, så inspirerer det ofte til å skapa enno meir… så no er det ein gammal furubenk i gangen som er neste prosjekt – den treng maling og ei ny pute.

Hovedmålet til Døsen pilgard er å inspirera til skaparglede på alle plan! Dette året kjører me difor i gang ei skaparglede-utfordring!

Kvar månad så kan du delta ved å dela eit av dine prosjekt. Det kan vera:
1) Noko du har skapt med hendene, enten med pil og pinnar, eller noko du har sydd, strikka, hekla, malt, snekra – ja kva enn du har lyst til!
2) Noko du har gjort for å gleda deg sjølv eller andre.

Prosjektet må delast i FaceBook gruppa Pil & pinnar og merkast med #skaparglede2018. Blant dei som deltek vil det kvar månad trekkast ut ein vinnar som vil få tilsendt boka Pil & pinnar (Om du vinn og er så heldig å ha boka frå før ;-), så vil du få tilsendt ein overraskelse i staden).

Håpar du har lyst å vera, så kan me inspirera kvarandre til å skapa masse glede dette året!

FaceBook gruppa Pil & pinnar finner du her!

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.