Foredrag om skaparglede

I forbindelse med boka har det blitt nokre foredrag rundt omkring. Og har du lyst på besøk, så er det berre å ta kontakt på epostadressa: post@pilgard.no. Nedanfor finner du tilbakemelding frå arrangørene av bLEST Litteraturfest, og video av ein bokpresentasjon frå Universitetet i Stavanger.


Bjørg, Jofrid og Siril

Tilbakemelding frå bLEST Litteraturfest

“I oktober 2016 hadde bLEST Litteraturfest gleda av å få besøk av dei to damene bak boka “Pil og pinnar”, Siril Ravndal Grude og Jofrid Bru Staurland.

Akkurat som boka var dei proppfulle av kreativitet, inspirasjon og skaparglede. Dei delte av sine personlege erfaringar og gav alle som høyrte på eit løft.

Kvelden var full av latter og alvor i god mix,- kloke ord, og nokre sprø innfall. Filosofien er at alle kan, og at det gjeld å våge å følge draumar.

Eg anbefaler både boka og forfattarane på det varmaste!

Om du er interessert i kva du kan lage av pil og pinnar er det mange gode idear å hente, men det er absolutt ikkje avgjerande for å ha utbytte av eit foredrag med desse to!”

Helsing Bjørg Rørtveit, Tysvær folkebibliotek / blEST Litteraturfest

 

Bokpresentasjon på UiS

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.