Hjartebilete

Små hjartebilete er superenkle å laga!

I staden for ei fjøl kan du og bruka små lerret til å lima kvistane på. Det er og mogleg å nytta same teknikken til å laga andre formar og figurar, og i alle slags storleiker.

Fjøla eg har brukt er eit gammalt terassebord og den har fått den fine slitne fargen av ver og vind. Om du ikkje finn noko lignande kan du beisa ei vanleg fjøl. Nyttar du fargen som heitar drivved, så får du omlag same effekten.

NB! Om du vert inspirert til å laga noko etter å ha sett denne videoen, så del gjerne bilete av resultatet på nettet. Merk med #pilogsmil, så eg har sjanse til å finna det.

Material

  • fjøl
  • bjørkekvistar
  • tang til å klyppa kvistane med
  • ark
  • penn
  • limpistol
hjartebilete

 

Instruksjonsvideo

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.