Om meg

Eg har alltid likt å skapa med hendene, og å få utløp for skapartrong gjer svært godt for på både helsa og humøret!

Då eg var rundt 30 år var livet så fullt av andre gjeremål at å skapa vart nedprioritert. Det handla meir om å overleva dagane, enn å verkeleg leva.

Eg tok meg sjølv i å gleda meg til eg skulle bli pensjonist, fordi då skulle eg endeleg få tid til alt det eg hadde lyst til… og ikkje berre tid til det eg må, skulle og burde ha gjort.

Etterkvart oppdaga eg at eg hadde meir kraft til å skapa det livet eg verkeleg ønska meg enn eg trudde. Det førte til at eg sa opp jobben, og byrja med pil på heiltid.

For meg var det eit stort steg å seia opp jobben min og skapa min eigen arbeidsplass. Arbeidet gav meg rom til å tenka lange tankar og det var svært lærerikt på mange plan.

Det opna og dørene for at eg kunne realisera enno fleire av mine draumar. På ungdomsskulen drøymde eg om å gje ut bok, og hausten 2015 gav me ut boka Pil & pinnar – frå enkel til ellevill skaparglede. Fytti så stas!

Å trø utanfor komfortsona er skummelt, men det er utruleg mykje spennande som kan skje når du gjer det!

No delar eg erfaringane mine gjennom foredrag og ved å hjelpa andre gründerdamer med å skapa seg ein business som passar deira livsstil og draumar (www.siril.no).

Siril Ravndal GrudeSiril sit å flettar pil i ein bentwood stol

 

INSPIRASJONSBREV
Motta inspirasjon og gratis minikurs!
Kvart minikurs inneheld ein ide til noko du kan skapa sjølv! I tillegg er det enkelt å gjennomføra, krev lite utstyr og minimalt med materialkostnader.
Du kan når som helst melde deg av.