Pil & pinnar er ei skikkeleg glad-bok!

Boka tek utgangspunkt i pil, pinnar og andre naturmaterial. Du vert vist framgangsmåten, trinn for trinn, til fleire enkle prosjekt som til dømes brødfat, såpekopp, englar, hjarte, kransar og klatrestativ. I tillegg inneheld boka større prosjekt for å visa deg at det meste er mogleg, som til dømes fletta tak på hagepaviljong, gjerde og skjermvegg. Me har og med nokre morosame og litt sprøe idear, som til dømes kjolar, solbriller og bikini!!!

I boka finn du og koselege historiar, gode ord, enkle matoppskrifter, mange flotte bilete og små tekstar med våre tankar om blant anna skaperglede og livsglede.

Målet med denne salige blandinga er å skapa ei unik bok som kan vera til inspirasjon på fleire plan og ei bok som du får lyst til å ta med deg i godstolen gong på gong!